No har Høyanger fått Einar Førdes veg


– Det er vel knapt nokon stad i Høyanger det passar betre med Einar Førdes veg, enn her, seier Solveig Løvik Norevik.

Ho står ved vegen som fører ned til Høyanger vidaregåande skule, og vidare bort til Høyangerhallen og resten av sentralidrettsanlegget.

– I tillegg til å vere kyrkje- og utdanningsminister, med ansvar for skulane, var han også ein lovande idrettsmann. Blant anna tok han fleire NM-medaljar i mellomdistanseløp, påpeikar Solveig Løvik Norevik i Høyanger Arbeidarparti til Ytre Sogn.

Det var også partiet hennar som først tok opp saka. Det skjedde på årsmøtet tilbake i 2015, der ein av medlemmene kom med forslag om at Einar Førde – som den markante personane han var i norsk samfunnsliv – vart gjort heider på i heimbygda si. Forslaget vart sidan teke opp med Høyanger kommune, ved kulturetaten, som valde å gje det vidare til nemnda som var sett ned i samband med adresseprosjektet.

– Det vart imidlertid ikkje funne nokon veg i Høyanger som passa den gong, i og med at dei fleste var utanfor sentrum. Så vi hadde i grunn slått oss til ro med at vi måtte prøve å finne ein annan måte å heidre han på, seier ho.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!