No håpar Ken-Åge (34) på naboar


- Når det først har kome eitt hus, følgjer gjerne andre etter. Det er i alle fall å håpe på, seier Ken-Åge Ørnehaug Utvær.

Han er no på plass i det som er førebels einaste nye huset i Prestmarka, bustadfeltet vest for Lavik sentrum som var ferdig opparbeidd allereie i 2016.


- Eg såg først etter tomt i Solund, der eg kjem i frå, og i Gulen. Men ingen av stadene fann eg nokon som var ferdig regulerte, og dermed heller ikkje var klare til å byggjast på. Men her fann eg det altså, fortel Ken-Åge Ørnehaug Utvær når vi møter han utanfor det nye huset hans denne laurdag føremiddagen. 



Frå det nye huset sitt kan Ken-Åge sjå rett ned på arbeidsplassen sin, bilferja MF «Stavanger».


Dagen før kom han med det førebels siste flyttelasset, og har difor nok å gjere i dagane og vekene som kjem.


-Eg treng også ein del nye møblar før alt kjem i orden. Men no kan eg i alle høve seie at eg har flytta inn, seier han og smiler, tydeleg nøgd med stoda.
Han kunne nemleg ikkje funne seg eit hus med ei meir sentral plassering.

Arbeidsplassen hans befinn seg nemleg på fjorden rett nedanfor. Sidan 2012 har 34-åringen vore båtmatros på MF «Stavanger», bilferja som trafikkerer Lavik-Oppedal.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!