No er det slutt på totimarsstengingar

Når vegarbeidet ved Leirvik startar oppatt etter påskeferie, blir det utan dei to langstengingane midt på dagen.


I samband med bygginga av ny gang- og sykkelveg mellom Heggebø og Leirvik har det sidan september i fjor vore to totimarsstengingar midt på dagen.

Sprenging og sikring av dei to fjellsidene er no ferdig, og anleggsarbeidet går over i ei ny fase, der det ikkje er behov for dei lange stengingane. Trafikantar på strekninga må likevel bu seg på at det kan bli inntil ein halv times ventetid.

Det opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

Elles vil det vere arbeid på strekninga også måndag og tysdag i påskeveka, men utan dei lange stengeperiodane. Frå onsdag 31. mars til tysdag 6. april blir det påskeferie på anlegget og fri ferdsel.

Gjerdet som skal stogge jordskred frå å treffe vegen og gjere skade på bygningane på nedsida av vegen er no ferdig.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.