Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. september 2018
Ytre Sogn 24. september 2018

Trond Magne Sognnes (t.h.) og firmaet hans Sognnes AS er i full gang med grunnarbeidet til den nye fleirbrukshallen i Hyllestad, som blir bygd i tilknyting til skulen. T.v. ordførar Morten Askvik, som er nøgd med at arbeidet no er i gang. .

No er bygginga av fleirbrukshall i gang

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 6. mai 2018

– Det har vore mange positive tilbakemeldingar på at det endeleg skjer noko i området ved skulen, seier Hyllestad-ordførar Morten Askvik. Den nye fleirbrukshallen er den største enkeltinvesteringa til kommunen på mange år.

På området rett nedanfor Hyllestad skule er maskinene til Sognnes AS – eit av tre firma i arbeidsfellesskapet GTB, som fekk byggjeoppdraget – i full gang med grunnarbeidet. Om nokre veker startar arbeidet med å rive både symjehall og gymnastikkbygg for å gje plass til den nye hallen. Men det har teke nokre år å kome dit.

– Det har lenge vore eit sterkt ønskje om å få ein slik hall i Hyllestad, men av ulike årsaker har det teke tid, seier ordførar Morten Askvik når vi møter han og byggjeleiar Trond Magne Sognnes. B

lant anna har det vore eit spørsmål om å byggje ein rein idrettshall langt unna skulen, eller ein fleirbrukshall rett i nærleiken, slik at også dei fekk dekka behova sine. Sjølv gjekk ordføraren for det siste, og er nøgd med at det også vart det kommunestyret etter kvart bestemde seg for.

– Sidan gjekk diskusjon på innhaldet i hallen, og vi gjekk breitt ut når det gjaldt kva aktivitetar som burde inn, og kva som måtte. Det vart igjen sett opp mot økonomi, seier Askvik.

Store investeringar

Til slutt vat det klart at fleirbrukshallen – i tillegg til å innehalde ballbane på 45×25 meter, biljardavdeling, treningsrom og garderobar – også vil dekkje skulen og kulturskulen sine rombehov til aktivitetar som kunst, dans og musikk. Tilsaman får hallen eit areal på 2960 kvadratmeter.

Før jul i fjor vart det også klart at GTB, beståande av T. Sognnes AS, T. Sunde AS og Ryland Bygg AS, fekk oppdraget med å byggje fleirbrukshallen, som kjem på rundt 40 millionar kroner. Det gjer den til største enkeltinvesteringa i kommunen på mange år.

– Ja, det er mykje pengar for ein liten kommune. Samstundes opplever eg at dette er noko vi i Hyllestad er samla om, seier Askvik og viser til at det har vore ønska i fleire år, både av barne- og ungdomsskule, kulturskule, idrettslag og andre frivillege organisasjonar i kommunen.

– Det at vi brukar så mykje pengar på ein slik hall, viser at vi satsar på innbyggjarane, ved at dei no får eit mykje betre aktivitetstilbod, både på dag- og kveldstid, seier han.

Ferdig neste haust

Ifølgje byggjeleiar Trond Magne Sognnes frå Sognnes AS er målet at hallen skal vere ferdig til skulestart hausten 2019, altså om knapt halvanna år.

– No er vi i gang med grunnarbeidet, og i løpet av nokre veker byrjar vi også med rivingsarbeidet. Då skal både symjehall og gymnastikkbygg vekk for å gje plass til den nye fleirbrukshallen, seier Sognnes og reknar med at firmaet hans er ferdige med arbeidet sittover sommaren.

Då overtek T. Sunde AS, som har betongarbeidet. Sjølve bygget er det Ryland Bygg som har ansvar for.

– Elementa vert levert av Hallmaker AS, og ved juletider skal bygget vere reist. Då byrjar arbeidet innvendig, seier hans.

For tida er det fire personar i arbeid, men når rivinga byrjar kjem dei opp i 10, trur han. Etter den tid vil talet liggje mellom 10 og 15-20.

– Det er eit stort prosjekt, og kjekt at det gjekk til lokale bedrifter, seier Sognnes.

Sist firmaet hans var med på like store prosjekt i kommunen var bygginga av nye vassverk, først i Bøfjorden og sidan i Sørbøvåg.

– Det var i 2014, 2015 og 16. Så vi har vore heldige og fått vere med på ein del arbeid lokalt siste åra, seier han.

Slik blir den nye fleirbrukshallen, som etter planen vil stå ferdig neste haust.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord