Milliardærane sitt statsbudsjett


"Vi forventar å få økonomiske tilbakeføringar til å vedlikehalde gode kommunar og lokalsamfunn" skriv Einar Rysjedal i innlegget sitt.

Høyanger sitt kommunebudsjett for 2021 og dei komande åra blir spanande å lese – kanskje litt for spanande. Vi kan frykte auka press mot desentralisert barnehage- og skulestruktur. Eit privat konsulentselskap, PWC, har allereie teke til orde for sentralisering av eldreomsorga. I dag har kommunen Sørsida bygdetun, Lavik helsesenter, Kyrkjebø sjukeheim og Høyanger sjukeheim.

Alle forstår kva press det vil bli mot mykje av dette, dersom dei økonomiske tilbakeføringane frå staten ikkje blir vesentleg auka. Og det er tilbakeføringar, vi understrekar tilbake, vi snakkar om fordi verdiskapinga skjer ikkje i statsapparatet og endå mindre i Jan Tore Sanner sitt Finansdepartement. Verdiskapinga skjer ute i by og land og ikkje minst «på landet»; i Distrikts-Noreg med sin industri, med sitt landbruk og fiske, med sin kraftproduksjon og med sin offentleg sektor som er grunnlaget for det meste.

Vi forventar derfor å få økonomiske tilbakeføringar til å vedlikehalde gode kommunar og lokalsamfunn – ja, vedlikehalde alt dette som er viktige vilkår for det rike Noreg.

I staden har vi ei regjering som prioriterer skattelette til dei rike – ikkje minst dei aller, aller rikaste. Det skal kuttast 1,3 milliardar kroner, 1300 millionar kroner, i formueskatten. Det er dei aller rikaste som tener mest på det. Skatteletten for dei som tener over 1 million kroner i året blir 3400 kr. Tener du under 400000 kr, vil ikkje Sanner gi deg meir enn 300 kr. Dette gjer at klasseskilja aukar, også i dei komande åra – noko anna kunne ein kanskje ikkje forvente med ei Høgre-regjering – sjølv med eit visst kristent(?) innslag.

Eit makabert forslag i statsbudsjettet, er at det skal takast inn 332 millionar på endring i eigendelar for helsetenester. Også dei legehjelp-trengjande skal vere med og støtte opp om Røkke, Thon og slike.

Raudt arbeider no på spreng med sitt alternative statsbudsjett. Vi skal finansiere auka tilbakeføringar for at både oppvekstvilkåra og eldreomsorga skal bli betre, at grunnbemanninga skal aukast, at dei vidaregåande skulane skal oppretthaldast, at kulturtilboda skal styrkast, at dei låglønna skal få betre økonomi osv. Raudt skal gjere dette – bl.a. gjennom auka skattlegging av dei med høgast løn og formue.

Noko av dette kan vi kanskje få gjennomslag for i samarbeid med andre opposisjonsparti? Raudt er open for det.