Mezzoforte og deLillos til Balejazz


Det blir store namn og mange lokale høgdepunkt under Balejazz 5.-7. mai.

Legendarisk norsk pop frå Oslo vest blir å høyre på årets Balejazz, med deLillos.

Det heile startar med ein herleg spleis mellom silkemjuke stemmer frå New York og messing frå Langevåg, når vokalgruppa New York Voices går på scena saman med The Brazz Brothers.

Eva Weel Skram frå Sogndal fekk sitt store nasjonale gjennombrot i fjor då ho var med i TV 2-programmet “Hver gang vi møtes” og hadde tittellåta på NRKs julekalender. I år kjem ho som ei av stjernene på Balejazz.

Kvelden blir avslutta med norsk hitparade og allsong når legendariske deLillos går på scena.

Mezzoforte har vore eit band i snart 40 år. Denne gongen kjem det islandske funkbandet til Balejazz på sin Jubilee Tour saman med vokalist Noel McCalla. Det blir nok gjenhøyr med hiten “Garden Party” denne gongen også.

Dette er berre nokre av dei mange konsertane på Balejazz i starten av mai. I tillegg kjem den populære gratiskonserten i hotellhagen ved Kviknes hotel.

Festivalsjef Sigurd Kvikne er godt nøgd med årets program.

- Det er eit variert og godt program med fleire lokale høgdepunkt. Mellom anna kjem Good Time Charlie med plateslepp på konsert nummer 400 i rekka av Balejazz-konsertar, seier Kvikne.

Stadfesta artistar på Balejazz 2017:

New York Voices m/The Brazz Brothers
Mezzoforte Jubilee Tour med Noel McCalla
deLillos
Eva Weel Skram
Bendik Hofseth IX
Fieh
Tore Brunborg og Steinar Raknes
Ellen Andrea Wang
Good Time Charlie
Sinikka Langeland
Andreas Ulvo solo
Trygve Seim – Rumi Songs
Karl Seglem Acoustic Quartet
Knut Reiersrud
Jazz, wine & dine m/ Merete Bø og Stein Erik Tafjord