Me and You Va-Va-Voom slepp sitt andre album


Trioen Odd Erik Dingsøyr, Tor Egil Høyvik og Bjarte Johansen byr igjen på energisk, hard og rå musikk, inspirert av heimbygda Høyanger.


Det er knytt stor spenning til Høyanger-bandet Me and You Va-Va-Voom, som fredag 3.april slepp sitt andre album White awaits. Det inneheld åtte songar, og blir igjen gitt ut av plateselskapet Rob Mules Records.

Sidan oppstarten i 2017 har bandet no gitt ut to singlar og to album.



- Ved førre albumslepp hadde vi som mål om å produsere nok materiale til å halde ut ein heil kveld, og no nærmar vi oss noko, seier Tor Egil Høyvik lattermildt.


Albumet har dei arbeidd med i eitt år, og endeleg skal publikum få høyre Høyanger-bandet sine nyaste låtar.

- Utan å tenkje over det har vi nok endra oss noko uttrykksmessig. Frå å ha eit noko aggressivt uttrykk, har vi kanskje blitt noko rundare i kantane, seier vokalist og frontfigur Odd Erik Dingsøyr. 


Men som alltid, byr bandet på energisk, hard og rå musikk!



- Mange band reindyrkar sin sjanger, men det gjer ikkje vi. 



Trioen er samde i at sjanger betyr lite. Dei er mest opptekne av å skape god musikk som dei sjølve likar. No som sist, handlar tekstane mykje om ski, natur og fjell. Med titlar som Ski arena og No snow, er det ikkje vanskeleg å forstå kor bandet hentar inspirasjon frå. 



- Musikken byggjer i stor grad på Høyanger-identiteten vår, kulturen og historia, seier Dingsøyr. 



Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!