Markerte både Veterandag og frigjeringsdag i Vadheim


-Med det flotte vêret som ramme vart dette ei fin markering, seier veteranen Gilmar Kjelsnes frå Førde til Ytre Sogn. Han tenestegjorde ved eit sjukehus i Midtausten, i Gaza, i 1959, og var blant dei som vart heidra under markeringa i Vadheim.

I strålande sol og med tonar frå «Gud signe vårt fedreland» og «Ja, vi elsker» framført av Vadheim musikklag vart det ei fin markering av Frigjeringsdagen og Veterandagen i Vadheim sentrum tysdag ettermiddag.
Det heile var eit samarbeid mellom Veterantreff Sogn og Fjordane og Høyanger kommune, og veteranar frå blant anna Tysklandsbrigaden og internasjonale oppdrag for Norge var blant dei som var invitert til å delta.Ein av dei var 79 år gamle Gilmar Kjelsnes frå Førde, som tilbake i 1959 tenestegjorde i Midtauseten, i Gaza.
– Norge dreiv sjukehus for heile FN-styrken i Gaza, der eg jobba på kjøkenet i seks månader. Vi låg i 16-manns telt med sola rett oppå duken, så det vart skikkelig varmt. Det var ei oppleving å vere der nede, og på dagar då vi hadde litt fri frå tenesta drog vi på stranda for å bade i Middelhavet, fortalde han

Ordførar takka
Mange hadde teke turen til markeringa i Vadheim sentrum denne flotte ettermiddagen, også ordføraren i Høyanger kommune, Petter Sortland- I talen sin gav han ein stor takk til alle dei som har tenestegjort rundt om i verda for å skape fred.
– Sidan 1947 og fram til i dag har over 120 000 norske kvinner og menn delteke i over 100 militære operasjonar i 40 land. Så eg vil på vegne av etterkrigsborn som har fått det privilegium å vekse opp i eit fritt og demokratisk land gje ein stor takk dykk som har hatt mot til å reise ut for å bidra til å skape fred og forsoning i verda, sa han.
Ordføraren fortalde også ein del historier frå krigens dagar i Vadheim. blant anna om tyskarane som hadde leir med fleire brakker og depot bak bedehuset og på gamle «Vaimbley», og korleis dei ekspanderte opp over Indredalen – heilt opp til der kommunen sin miljøstasjon ligg i dag.
– På det meste var det over 200 soldatar i Vadheim, fortalde han.

Tildelt diplom
Andre innslag for dagen var blant anna diktlesing av Arnulf Øverland sitt dikt «Du skal ikkje sove» framført av elevar frå 5.-7.klasse ved Vadheim skule og musikalske innslag frå Vadheim musikk.
I tillegg vart det kransnedlegging og eit minutt stillheit ved minnestøtta over soldatar frå Vadheim som fall under 2.verdskrig.
Veterantreff Sogn og Fjordane er ein «paraplyorganisasjon» for alle som tenestegjort i internasjonale operasjonar for Norge, som har jobba for å heidre deltakarane. Gunnar Sønsteby sitt minnefond til Tysklandsveteranar har også tildelt fem veteranar frå kommunen diplom- Dei er Arthur Nesset, Kjell Gunnarskog, Hans Slinde, Knut Myrekrok og Bjarne Thune. Ingen av dei fem var til stades under markeringa i Vadheim.
Markering vart avslutta med middag for spesielt inviterte på Sogn hotell.