Målrik kamp mellom Høyang og Balestrand


I første serierunde i G20-serien vart det ein målrik kamp mot naborival Balestrand, der Høyang til slutt vann 5-4 .

Kraftige regnbyer førte til mykje overflatevatn på banene i Høyanger, og difor måtte U20- kampen mellom Høyang og Balestrand flyttast til Vaimbly stadion i Vadheim. Men sjølv om regnet også der tidvis bøtta ned på stadion vart det ein kamp med mange mål.

Høyang fekk første nettkjenninga fem minutt ut i kampen, ved Raymond Mjømen. Vidare utover hamna Høyang litt bakpå og fekk to mål mot seg, begge skåra av Viljar Alexander Isane. 1-2 var også pauseresultatet.

Balestrand-trenar Johannes Nilsson seier til Ytre Sogn at han er godt nøgd med det laget får til i første omgang.

-Vi var veldig usikre før kampen sidan det er eit veldig ungt lag. I dei første ti minutta er vi litt passive og avventande, og står litt for mykje og ser på. Men eg tykkjer at vi etter kvart veks meir inn i kampen og det blir litt fleire duellar, seier han.

- Vi gjer mykje av det vi har planlagt, men så skrur vi etter kvart av, slepp oss litt for mykje ned og inviterer Balestrand inn i kampen, seier Høyang-trenar Marius Varden Fossen.

Les meir i neste Ytre Sogn!