Malene (26) sette ny verdsrekord


I løpet av 24 timar gjekk Malene Blikken Haukøy (26) 15.440 høgdemeter på ski. Det held til ny verdsrekord.<

Ho måtte gå meir enn 10.000 høgdemeter på eit døgn for å ta den, noko ho gjorde med solid margin.

- Det er utrulig kjekt å ha teke rekorden, som var målet, seier Malene Blikken Haukøy (26), som er frå Kyrkjebø men no bur i Sogndal, til Ytre Sogn.

Ho er veldig nøgd med eigen prestasjon.

- Eg trudde vel heile vegen at eg skulle klare det, men eg såg ikkje føre meg å gå så langt som eg gjorde. Eg tenke at 12.000-13.000 høgdemeter var realistisk, men ikkje 15440! seier ho.

Rekordforsøket starta klokka 15.00 laurdag, og føregjekk i Kari Traa-bakken i Myrkalen på Voss

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!