Lokale nyhende frå Ytre Sogn 23. juli 2017
Ytre Sogn 23. juli 2017

Torleif Julseth ber om at toalettproblemet på Nordeide blir gripe fatt i,

– Må få orden på toalettforhold

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 7. juli 2017

– Så lenge det manglar eit ope venterom med toalett på kaien på Nordeide gjer reisande sitt naudsynte ærend rundt om på området. Slik kan det ikkje halde fram, seier Torleif Julseth.

Han meiner det er spesielt ille no om sommaren når det er endå fleire reisande enn vanleg.

– Fleire av dei reisande må av og til vente her på Nordeide i opp til to timar på vidare transport vidare. Så i høve dei og alle andre reisande er det viktig å få til ei snarleg løysing, slik at venterom og toalett igjen blir tilgjengeleg, seier Torleif Julseth.

Men ifølgje kommunen vil ikkje noko bli gjort før til hausten.

Les meir om saka i Ytre Sogn fredag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord