Lyspæra som aldri sluttar å lyse


Då Ortnevik kyrkje stod ferdig i 1925 vart det montert 16 lyspære i kyrkja, som var ei av dei første i kommunen som fekk straum. Éi etter éi har pære slutta å lyse, og blitt bytta ut. Men ei har ikkje gitt seg enno, 94 år etterpå.

– Det er litt surt om ho har slutta å lyse sidan eg var innom på måndag, vitsar Joar Oppedal medan han spaserer på steinhellene opp mot Ortnevik kyrkje.

Den 56 år gamle kyrkjetenaren har vore i kyrkjas teneste sidan 2007. Vel inne i kyrkja skrur Oppedal ein brytar, og det høyres eit lite smell inne frå kyrkjeskipet. Lysa er på. Oppedal leiar vegen inn i kyrkjeskipet, og peikar på  den lysande pæra, som er 38 år eldre enn han sjølv.

– Ho skil seg litt frå dei andre pærene, ho er ein del større og har ein tapp på undersida, seier Oppedal, og held fram.

–  Bortsett frå det skil ho seg ikkje mykje frå dei andre, ho lyser like bra, og flimrar heller ikkje. Ikkje som eg har fått med meg, i alle fall, seier kyrkjetenaren.

Kyrkjeskipet i Ortnevik, nest lengst til høgre i biletet heng den gamle pæra.

Ortnevik kyrkje var då ho vart bygd ei av dei første kyrkjene på sørsida av Sognefjorden som fekk innlagt straum, dei første åra med aggregat. Sidan den gongen har det elektriske anlegget blitt bytta ut éin gong, i 2007.

– Så vidt eg huskar var det rett før mi tid, då huska eg at ein var redd for at dei gamle pærene skulle ryke. Den gongen var det sju av dei 16 som lyste, no er det berre ei igjen.

– Eg trur nok at det var nokre av dei som gav seg med inntoget av det nye anlegget, for eg kan ikkje huske å ha bytta nokre av dei gamle pærene sjølv, ikkje dei siste åra i alle fall forklarer Oppedal.

 

Nest lengst til høgre kan ein sjå pæra som har lyst sidan kyrkja var ny.

Oppedal viser vegen vidare inn i våpenhuset, i ein kasse ligg eit lite lager med dei gamle pærene som har slutta å lyse.

– Kanskje det er mogleg å få liv i nokre av dei igjen, men då trengs det nok meir kompetanse enn eg har, seier Oppedal med eit smil.

Les resten av saka i avisa.