Dei to hurtihladarane vil bli plassert i Leirvik sentrum.

No blir det hurtigladarar i Leirvik

Hyllestad kommune løyver inntil 400.000 kroner frå Hyllestadfondet til BKK Elektrifisering, til etablering av to 200 kW-hurtigladarar i Leirvik.


- Dette er eit godt døme på eit fellesprosjekt som ikkje hadde blitt noko av hadde ikkje alle kreftar jobba saman. Samarbeidet har gjord det mogleg å bygge ut hurtigladeplassar på ein stad der kundepotensialet i dag ikkje er venta å gje lønnsam drift. Vi legg til rette for at også innbyggjarar og næringsliv i Hyllestad kan ta klimavenlege val, går det fram av saksutgreiinga som vart lagt fram for Plan og samfunn til møtet sist veke. 

I juli i fjor kontakta nemleg Hyllestad kommune og Hyllestad Næringsråd BKK, med ønskje om at det blir etablert offentleg tilgjengelege hurtigladeplassar i kommunen, i denne omgang knytt til konferanse- og næringsliv i Leirvik sentrum, nærare bestemt ved Hotel Sognefjrd. Dei viste her til at Vestland fylkeskommune dekker opptil 100 prosent  av godkjente investeringskostnadar, avgrensa opptil 150 000 kroner til hurtigladestasjonar med minimum 50 kWh og 200 000 kroner til stasjonar med minimum 150 kWh tilgjengeleg ladeeffekt per ladestolpe.

Kostnad på 1,5 mill
Etter det søkte BKK elektrifisering fylkeskommunen og fekk melding om ei løyving på 450.000 kroner i fjor haust, og no  planlegg dei altså å setje opp to 200 kW-ladestolpar  ved hotellet i Leirvik sentrum.

- Plassering er i tråd med næringslivet sitt behov og ønskje, og det har vore etablert kontakt med byggesak i kommunen om plassering. 

Prosjektet ligg an til å kome på 1 520 000 kroner totalt. Fylkeskommunen bidreg altså med 450 000 kroner og etter møtet i Plan og utval torsdag i førre veke er det klart at kommunen bidreg med  400.000 kroner.

- Prosjektet har støtte i kommuneplanen sin samfunnsdel, der eit av måla er at Hyllestad skal ha tilgjengelege ladestasjonar som gjer det praktisk å nytte el-bil i heile kommunen. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.