Løyvde 420 000 til Heimdalstrand


Hovudutval for næring og kultur løyvde nyleg 420 000 kroner til eigedomen Heimdalstrand i Balestrand, og hadde også ei synfaring på den freda eigedomen.

Riksantikvaren freda Heimdalstrand tidlegare i år, og eigarane av eigedomen er i full gang med å setje han i stand. Då hovudutvalet for næring og kultur hadde møte i Balestrand 7. mars, tok medlemmane seg tid til ei kort synfaring.

Hovudutvalet fekk informasjon om historia bak huset, og fekk sjå arbeidet som eigarane Tor Mjelstad og Elisabeth Tonheim har gjort for å setje bygningen i stand. Dei overtok eigedomen i 2015 og har sidan då gjennomført eit omfattande og godt arbeid med å setje husa i stand.

I møtet løyvde hovudutvalet til saman 420 000 kroner til vidare istandsetjing av bygningane på Heimdalstrand, 300 000 kroner til sommarhuset, 100 000 til atelieret og 20 000 kroner til ei trapp. Målet med årets tildeling er at eigarane får ferdigstilt restaureringsarbeidet dei har starta på.

6,2 millionar

Hovudutvalet løyvde til saman 6,2 millionar kroner til eigarar av freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap. Tilskota vart i hovudsak løyvde til istandsetjingsprosjekt på freda bygningar i fylket.

På Ormelid i Luster kommune vart det løyvd tilskot til tre ulike prosjekt, istandsetjing av stabbur og Øvstestova, samt utarbeiding av forvaltningsplan. Istandsetjinga av stabburet har fått eit mindre tilskot før, og med årets tildeling er målet at stiftinga no kan få ferdigstilt istandsetjinga av stabburet.

Løyvinga til forvaltningsplan skal bidra til at stiftinga kan ha føreseielege rammer rundt arbeidet som skal gjerast på både bygningar og i kulturlandskapet. Forvaltningsplanen skal bidra til ei enklare drift og bruk av garden.

Hovudutvalet løyvde tilskot til følgjande prosjekt:

• Stabburet på Ormelid, Luster kommune – 600 000
• Forvaltningsplan for Ormelid, Luster kommune – 170 000
• Vonens hus, Fjaler kommune – 600 000
• Heimdalstrand sommarhus, Balestrand kommune – 300 000
• Heimdalstrand atelier, Balestrand kommune – 100 000
• Fladhammer, Luster kommune – 225 000
• Tingvoll , Stryn kommune – 200 000
• Svanøy hovedgård, Flora kommune – 100 000
• Askelund, Balestrand kommune –400 000
• Vonens hus, naust, Fjaler kommune – 100 000
• Løken gamle sorenskrivargard, Eid kommune –500 000
• Kapteinsgarden Myroldhaug, Eid kommune – 100 000
• Heimdalstrand, trapp, Balestrand kommune –20 000
• Ormelid, Øvstestova, Luster kommune – 400 000
• Bu på Hårklau, Førde kommune – 200 000
• Wittgensteinhuset, Luster kommune – 1 000 000
• Otternes, Håkonstova, Aurland kommune – 500 000
• Restaureringsleiar – 650 000
• Dendroanalyse – 50 000