Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. juli 2018
Ytre Sogn 19. juli 2018

Malene Blikken Haukøy (26) vil springe Sognefjorden på langs og nytte fjellheimen som veg mot kysten. (Foto: Privat)

Vil springe Sognefjorden på langs

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 26. juni 2018

Fjelldronninga Malene Blikken Haukøy vil springe Sognefjorden på langs på seks-sju dagar. Turen er på rundt 250 kilometer og omlag 20 000 høgdemeter.

Ho startar inst i Sogn, ved Skjolden hotell, 2. juli og som du skjønar tek ikkje 26-åringen frå Kyrkjebø den enklaste vegen ut mot kysten. Ho nyttar sin eigen veg, som er i fjellheimen.

Seks-sju dagar etterpå håpar ho å vere framme ved Hyllestad og Lihesten.

– Sjølv om eg sette ny verdsrekord i tal høgdemeter på eit døgn for berre ein månad sidan, vert nok dette det tyngste og mest krevjande eg nokon gong har vore med på, seier Malene til Ytre Sogn.

Tidsplan:

Dag 1: Skjolden – Navarsete (Gaupne)

Dag 2: Navarsete – Sogndal (via Nipa, Molden, Solvornipa, Barsnes)

Dag 3: Sogndal – Balestrand (padle i kajakk Hella-Balestrand)

Dag 4: Balestrand – Måren (padle i kajakk Måren- Kyrkjebø)

Dag 5: Kyrkjebø – Leirvik

Dag 6: Leirvik – Hyllestad/Lihesten

Les meir om Malene i dagens Ytre Sogn

Malene likar seg i fjellet og heime i Sogn er fjelldronninga i sitt ess. (Foto: Privat)
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå sport
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord