Leverer verdas største brønnbåt


Sølvtrans bestiller verdas største brønnbåt frå Havyard. Og verdas største skal også by på verdas beste fiskevelferd.

Verdas største brønnbåt vil koste vel 500 millionar kroner.

Ifølgje ei pressemelding frå Havyard blir den 116 meter lang og 23 meter brei. Båten, som får namnet Ronja Storm, får plass til 7.450 kubikkmeter vatn i fisketankane, noko som er over dobbelt så mykje som normalt store brønnbåtar. I tillegg skal båten kunne ta med seg 5.000 kubikkmeter ferskvatn.

Etter levering skal den inn på ein ti-årskontrakt for oppdrettsselskapet Huon ved Tasmania utanfor Australia. Tasmania har knappheit på ferskvatn både når det gjeld kvalitet og tilgjenge. Dette er løyst ved at det nye Havyard-designet får utstyr som kan produsere nesten 17 millionar liter ferskvatn per døgn.

Ferskvatnet blir brukt til «laksehospital». Fisken blir teken opp av merdene og sym i ferskvatn for å bekjempe den amøbiske gjellesjukdomen AGD. På Tasmania skjer dette omtrent ein gang i månaden. Med det gigantiske ferskvatnanlegget og dei enorme tankane, kan ein ta fisken i ein hel 240-meters merd og behandle samtidig.

– Det er ein stor fordel og vil stresse fisken mindre. Det igjen gir både betre kvalitet på fisken og kortare avbrekk i veksten for fisken, seier administrerane direktør i Sølvtrans, Roger Halsebakk.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

Mariann Vågnes Reite, CFO Sølvtrans, Tor Ove Stenersen, utviklingssjef Sølvtrans, Roger Halsebakk, CEO Sølvtrans, Geir Johan Bakke CEO Havyard Group og Frank Edvard Vike, Sales Manager Havyard Design & Solutions.