Letta og glad for at omstridd forslag vert lagt vekk


Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap) er både letta og glad for at regjeringa no vel å leggje vekk det omstridde forslaget til kraftskatteutvalet, og let kommunane behalde dagens inntekter.

- Det er flott og heilt rett av regjeringa å leggje vekk denne utgreiinga. Det å ta 3,6 milliardar kroner frå kommunane og gje til staten ville ha sett ein effektiv stoppar for all vidare utbygging av vasskraft i landet.

- No er eg både letta og glad, seier ordførar Petter Sortland i ein kommentar til Ytre Sogn. 


For Høyanger kommune sin del hadde forslaget medført eit inntektstap på 56 millionar kroner om det hadde blitt vedteke.

Utvalet leverte sin rapport i fjor haust, og føreslo altså å omfordele 3,6 milliardar kroner frå kommunane til staten.



Tilfalle felleskapet


Regjeringa har no gått igjennom meir enn 350 høyringssvar, og i ei pressemelding seier finansminister Jan Tore Sanner (H) at dei har lytta til både kommunane og næringa i denne saka.



– Vasskraft er ein verdifull ressurs som vi må ta godt vare på. Den skal forvaltast til det beste for lokalsamfunna, og for samfunnet som heilskap, seier han.


– Naturressursar bør skatteleggjast slik at overskotet tilfell fellesskapet, samtidig som selskapa kan utvinne lønsame ressursar. Regjeringen har lagt vekt på føreseielegheit, seier han.