Lavik Maskinsenter vil doble arealet


Verkstad for tilhengjarar er blant innhaldet i det nye, store påbygget som Lavik Maskinsenter no har planar om.

– Så vidt eg veit blir det første verkstaden av denne typen i Sogn og Fjordane, noko som vel tilseier at behovet er der, seier Frode Akse, som er dagleg leiar for Lavik Maskinsenter, til Ytre Sogn.

Han peikar på at tilhengjarar gjerne ikkje er så ofte i bruk, og difor står mykje.

– Men det betyr ikkje at dei ikkje treng service og vedlikehald, slik andre køyretøy gjer. Same krava om å vere i forskriftsmessig stand gjeld for dei, som til dømes at dei har bremser som fungerer, seier Akse, som allereie har løyva som krevst for å utføre desse tenestene.

Bygget som Lavik Maskinsenter held til i er på 230 kvadratmeter, og innheld butikk og lager, samt dekkverkstad.

– No snakkar vi om eit påbygg på 320 kvadratmeter i forlenginga av dagens bygg, opp mot gamle E39 gjennom Lavik. Arealet vil altså bli meir enn dobla, seier Akse.

I planane ligg også utviding av butikk, samt ny vaskehall.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!