Lavik IL er seriemeister


For første gong er eit lag frå Lavik IL seriemeister i fotball.

Allereie før kampen på Sletta tysdag kveld, mot erkerival Høyang, var det klart at Lavik er seriemeister i 2016, i Sunnfjord-avdelinga for J13/14 i 7ar-fotball. I løpet av sesongens 18 kampar har det blitt 14 sigrar, 3 uavgjort og 1 tap for jentene frå Lavik.

Og dei avslutta med stil. Etter ein ganske jamn 1.omgang - og 2-3 ved pause – eigde laget frå Lavik 2. omgang. Kampen enda 3-8, og no ventar spel om å bli krinsmeister, mot vinnarane av dei to andre avdelingane i fylket – Stryn og Syril.

Les meir i papirutgåva fredag!