Låtane til Alex har blitt spelt i 37 land


Alexander Smelvær Burn (18) lagar elektronisk musikk frå PCen sin på guterommet i Vadheim. No har han fått seg manager, og låtane hans har blitt spelt i 37 land.

Han går under artistnavnet Alex Burn, og fredag 26. juni slepp han ei ny låt.


-Dette er den første songen med featured artist, fortel Alex. 



Det betyr at det er eit samarbeid mellom fleire personar. 



- Vokalisten heiter Betty og ho er frå England. Vi har jobba med songen sidan starten av februar, seier han og fortel vidare at han kom i kontakt med ho via Soundbetter, som er ei plattform laga av Spotify for artistar og produsentar.


Sjølv om dei har jobba frå kvart sitt land, fortel han at dei har samarbeidd og kommunisert veldig bra gjennom prosjektet. 



- Vi har skrive teksten i lag. Ho har sendt over vokalane til meg, og eg har sett dei inn i sjølve songen slik at det passar bra i lag.



Alex fortel at den første songen han nokonsinne la ut var på gratisplattforma Soundcloud. At han hadde mot nok til å legge ut den på nettet, viste seg seinare å bli eit viktig steg i karrieren hans. 


-Etter at eg la ut den første songen fekk eg sjølvtillit nok til forsetje med det, fortel han. 



Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!