Lange stengingar


-Det er meldt greie temperaturar for betongarbeid, og vi held difor fram sikringsarbeidet i Kvernhaugtunnelen på fylkesveg 55 i Høyanger.

Tunnelen blir dermed stengt i lange periodar på kveld og natt også i neste veke, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Arbeidet startar klokka 20:00 måndag kveld. Opningstidene fram til midnatt er tilpassa bussrutene, og i tillegg er det lagt inn to ekstra gjennomkøyringar:
Frå Høyangersida: ca kl. 20.30, 22.10, 22.40 og 00.00
Frå Vadheimsida: ca kl. 20.20, 21.30, 22.30 og 23.45
-Frå midnatt til klokka 05:30 vert tunnelen heilt stengt. Tunnelveggane skal dekkast med betong, eit arbeid som krev lang tørketid. Vi kan difor ikkje ha trafikk gjennom tunnelen i dei timane, med unntak av reine utrykkingsoppdrag. På dagtid vert det fri ferdsel gjennom tunnelen.
Arbeidet vert avslutta fredag morgon, 3. mars.

Kanskje ei tredje veke

-Vi treng i alt tre veker på å fullføre betongarbeidet i tunnelen, men temperaturane avgjer om vi kan halde fram med dette arbeidet også i veke 10, eller om vi må utsetje den tredje og siste veka med lange stengingar.