Laga påskerebus til heile Høyanger


I staden for den tradisjonelle rebusløypa til familien, valde Øygunn Mjellelid Gunnarskog og dottera Sigrid denne påska å lage ei til heile Høyanger.

På Naturstien som går langs Daleelva har dei no lagt ut gule steinar med bokstavar på som skal bli til ord, og hengt opp pinnar med regnbogemønster. Så er det om å gjere for dei som går løypa å finne alle.



- Det har blitt ein tradisjon at eg lagar rebusløype med ulike aktivitetar til familien i påska. Det har vore alt frå quiz og pilkast på ballongar til eggeløp iført svømmeføtter og dykkermaske. Vi forstod tidleg at vi kom til å måtte endre på påskeplanane våre i år på grunn av koronapandemien, og det var då eg byrja å tenke på ei alternativ påskeløype,fortel Øygun Mjellelid Gunnarskog til Ytre Sogn.

Inspirasjonen henta ho frå «Mesternes mester» på NRK, der ei av oppgåvene er at deltakarane skal leite etter ulike objekt i ein hage, finne det nøyaktige talet for så å løyse eit reknestykke ut frå tal objekt dei har funne. 



- I tillegg har eg sett at regnbogar i ulike utgåver har blitt eit symbol på at vi kjem til å få den normale kvardagen vår tilbake igjen med tid om stunder. 


Ho fekk med seg dottera Sigrid på idéen, og i lag samla dei steinar og pinnar, og måla og spraya dei.



Tre premiar

-Etter kvart tenkte vi at også fleire burde få prøve seg på rebusen vår, og valet fell difor på Naturstien. Den veit vi at folk i Høyanger er flinke å bruke. Så fredag ettermiddag tok vi turen dit og la ut plakatar, steinar og pinnar.



Sidan vart det heile annonsert på Facebook, og responsen var overveldande.



- Då tenkte eg at det hadde vore kjekt å kunne dele ut nokre premiar, og kontakta Coop i Høyanger. Og dei var positive med ein gong, fortel Gunnarskog.



Difor oppretta ho også Facebook-gruppa «REBUSLØYPE PÅ NATURSTIEN (Høyanger)».



- Når folk går inn der og kommenterer med «Deltatt + namnet sitt» er dei med i trekninga av tre pakkar frå Coop, som inneheld termos, sitjeunderlag, sjokolade og kakao. 



Dei vil bli trekt 14. april.



- Men det er viktig at folk ikkje skriv talet på steinar og pinnar og løysingane på bokstavane i kommentarfeltet, understrekar Gunnarskog.



- Og så oppmodar vi sjølvsagt folk til å hugse på å halde avstand i løypa, og ikkje å gå i store grupper, legg ho til.

Ta med blyant og papir og skriv ned kor mange steinar og pinnar du finn langs stien i Høyanger!