Kvifor har vi ikkje skulegudsteneste?


Etter fem år med born på Kyrkjebø skule tok eg endeleg kontakt for å etterspør skulegudsteneste før jul. Eg veit ikkje kvifor dette ikkje er på plass, all den tid dette er ein hyggeleg juletradisjon som mellom anna gir innblikk i kulturarv, religion og bakgrunnen for vår julefeiring. I tillegg er det heilt frivillig. Kan det verkeleg vere slik at dette er opp til einskilde personar i strategiske posisjonar, å innvilge eller nekte borna å delta i skulegudsteneste? Det kom i alle fall ikkje i stand noko skulegudsteneste til denne jula. Heldigvis har ein god til tid til både påske og neste jul. 

Eit av dei meir formelle argumenta finn vi i Utdanningsdirektoratet sine retningsliner:

«Skulane er oppfordra til å legge til rette for at elevane skal kunne delta på skulegudstenester i tilknyting til høgtider.»

I kommunestyremøtet den 14.12.23 uttrykte ordførar Petter Sortland at dersom det kom ei oppfordring frå styresmaktene om eit mobilforbod i skulane, så ville kommunen rette seg etter det. Så då går eg ut ifrå at ei oppfordring om å tilby skulegudstenester også er noko Høyanger kommune vel å rette seg etter. Dette er allereie vedteke. Då slepp foreldre som ønsker skulegudsteneste å kjempe ein tung kamp i møte med menneske som ikkje ønsker at borna skal få dette tilbodet.

Hermed ber eg Høyanger kommune ta oppfordringa om å tilby skulegudstenester til etterretning og at dette vert innført som eit tilbod for alle elevane i kommunen. Eg er sikker på at kyrkja vil vere klar med eit tilbod så snart skulane ber om det. 

Linn Elisabeth Dregelid