Kulturminnepris til Torbjørn Løland


Torbjørn Løland frå Hyllestad får Riksantikvarens kulturminnepris 2019. 


Han deler prisen med Per Olav Mathiesen frå Rendalen.



Prisen blir delt ut til nokon som har gjort ein særleg innsats for kulturminne. Løland får prisen for arbeidet sitt med Kvernsteinparken i Hyllestad. 



Han har gjennom 30 år vore drivkrafta i utviklinga av Kvernsteinsparken i Hyllestad. Innsatsen hans er særleg knytt til gjenoppdaginga av kvernsteinsbrota i Hyllestad, det største steinbrotslandskapet frå vikingtid og mellomalder i Nord-Europa. 



- Torbjørn Løland har gitt kulturhistoria om stein eit løft i Noreg. Han har brakt internasjonale vitskapsfolk og bygdefolk saman. Med kunnskap som tradisjonsberar og stor entusiasme har han klart å gjere folk i Hyllestad stolte over staden og over den heilt særmerkte kulturhistoria. Det er særleg elevane på skulen som Løland har vist mest merksemd. Kvart år har klasser hatt undervisning i steinbrota og fleire elevar har fått jobb som omvisarar og formidlarar av historia, heiter det i juryen si grunngjeving for tildelinga.

Prisen vert delt ut for åttande gong i år, og prisvinnarane får eit kunstverk, diplom og 12.500 kroner kvar.


cof