Det er mørk, komplekst og vanskeleg i «Tollak til Ingeborg», som kjem til Høyanger fredag. Stykket er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Riksteateret, og det har lokka fram lovord frå kritikarar over heile landet. (Foto: Teater Vestland/Magnus Skrede)

Kritikarrost teaterstykke til Høyanger

Fredag kjem Teater Vestland til Høyangerhallen med førestillinga «Tollak til Ingeborg», ei oppsetting som har hausta mykje åtgaum nasjonalt.


«Nynorsken har fått ein ny klassikar» skreiv Bergens Tidene, medan NRK omtalar førestillinga som «mørk og dirrande, med ein god hovudrolleprestasjon». «Tollak til Ingeborg» er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Riksteateret, og er eit teaterstykke om ein gammal stabukk oppe ved sagplassen i bygda som har  dystre undertonar.

Stykket er basert på ei bok av Tore Renberg som kom i 2020, og som har blitt selt i over 70 000 eksemplar. Det er også forfattaren sjølv som står for sceneversjonen som blir spelt over heile Norge – som alt har blitt sett av 13 000 – der fem skodespelarar leverer eit mørk og intenst familiedrama om kjærleik og blodsband, om vald og avmakt, og om forskjellen mellom alen furu og billeg gran. Regien for sceneversjonen er ved Miriam Prestøy Lie.

– Ver om deg denne eine dagen vi kjem til bygda di. Framsyninga har vunne hjarta til publikum og kritikarar over heile landet og får unisont gode tilbakemeldingar, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt.

Mange føler at dei kjenner ein Tollak, og det er styrken ved universet forfattar Tore Renberg har skapt, meiner Lundsholt.   

— Du får sympati og medkjensle med mannen som samfunnet har sprunge ifrå, han som ikkje veit korleis han skal betale rekningane i nettbanken og som vil at barnebarna skal sitje mindre på mobilen. Kva verdiar har gått tapt? Du begynner å bli glad i han. Så skjønner du at han har gjort noko utilgiveleg, og du blir ståande i eit emosjonelt spenn som det er uhyre interessant å utforske, seier teatersjefen.  

Teatresjef Cecilie Grydeland Lundsholt. (Foto: Espen Nyttingnes)

– I romanen er det Tollak sitt perspektiv ein høyrer, og alle karakterane vert skildra av han. I sceneversjonen har eg og det kunstarlege laget forsøkt å utfordre Tollak si forteljing med rom, lyd, kroppar og lys. Komponist Selma Stang har brukt Tollak si dotter Hillevi som utgangspunkt når ho har skrive musikken, der anarkisten Tollak tidvis vert omkransa av eit punkinspirerte lydbilde, fortel regissør Lie.

Scenograf Milja Salovaara har gitt Tollak ein manesje fylt med sagmugg. Alt som er igjen av livsverket, siste rest av Tollak sitt territorium. Dei skarpe lystablåa til Martin Myvold bidreg også til å destillere forteljinga, ifølge regissøren.

– Eg håpar dei som ser «Tollak til Ingeborg» går inn i forteljinga og ser om dei kan prøve å forstå denne stabukken oppi Dalen, og kvifor det gjekk som det gjekk. Og det samstundes som dei beheld eit kritisk perspektiv til heile fyren. Mellom forståing og kritisk tenking finn ein ikkje berre ei djup familietragedie og ei rystande menneskeleg skildring, men òg historia om ei dramatisk kulturell omveltning som vedkjem oss alle, både i by og bygd.

At «Tollak til Ingeborg» skulle få så stor suksess vart ei stor overrasking for forfattar Tore Renberg, men han trur noko av grunnen til interessa forteljinga har fått er at den tek opp noko som angår oss alle. 

– Eg skjønte etter kvart at dette er ei forteljing om vår tid, og om kjærleik og det vanskelege, og ikkje berre om gamle folk. Så no sit eg i den ekstremt privilgerte situasjonen det er at dette er ein roman som har spreng dei grensene eg tenkte at den sat i.