- Når media blir så einsidig fokusert på tal smitta og døde, så tenkjer eg på kor mange som ikkje er døde og som har blitt friske, seier Kristine Brix Longfellow.
Som smittevernsleiar i Høyanger kommune er ho oppteken av å behalde roen, midt i pandemien vi no står oppi. Det regnar denne dagen, det regnar tett og vatnet renn i bølgjer nedover vindaugsruta slik at verda utanfor ser ut som eit kunstverk av Antoni Gaudi. Det er like forvrengt som tida vi er inne i. Presis klokka 11 kjem Kristine Brix Longfellow inn dørene til redaksjonen i Ytre Sogn og rommet vert med ein gong lyst opp av eit blendande smil. Desinfeksjonsmiddel og handsprit står strategisk plassert rundt i lokalet, ei påminning om at vi ikkje kan handhelse. Som kommuneoverlege og smittevernsleiar i Høyanger kommune har ho eit stort ansvar midt i koronapandemien. - Korleis har tida vore for deg etter at dei første alarmerande meldingane kom? - Surrealistisk, uverkeleg, svarar ho. - Dette er noko som påverkar alle sine liv og det er mange som er redde for både eigne liv og livet til sine næraste. Vi har ikkje opplevd dette før, så eg prøver å bevare roen for å kunne gjere ein best mogeleg jobb. Når media blir så einsidig fokusert på tal smitta og døde, så tenkjer eg på kor mange som ikkje er døde og som har blitt friske. Men det gjorde vondt i mammahjartet då yngste dotter mi sa: «Skal du jobbe med folk som er sjuke av korona? Kommer du til å dø då, mamma?, seier Kristine, som kom København til Høyanger og vart fastlege i 2006 og vart formelt tilsett som kommuneoverlege i 2012. I 2017 fekk ho eit to-årig vikariat som fagdirektør ved Helse Førde. Etterpå jobba ho eit år som LIS-lege på psykiatrisk avdeling som del av vidareutdanninga i allmenn medisin. 6. januar 2020 kom ho attende til Høyanger.Strenge nok tiltak
På spørsmål om korleis samarbeidet i helsesektoren har vore fram til no svarar ho fenomenalt bra. - Alle jobbar hardt og er løysingsorienterte. Ordspråket «Nød lærer naken kvinne å spinne» viser seg å ha stor tyding i desse dagar. Når ein pandemi skulle skje i vår tid, er eg glad eg har teke spesialisering i samfunnsmedisin og har erfaring med smittevern i perioden eg jobba på Sentralsjukehuset i Førde. No kjem det til nytte, sjølv om eg skulle ønskje koronaviruset aldri hadde oppstått.