Krinsmeister i futsal


Laurdag vart IL Høyang den første klubben som vann krinsmeisterskapen i futsal for Old Boys.

Turneringa gjekk føre seg i Gaularhallen i Sande. I finalen slo dei Førde 2, 1-0 etter ekstraomgang.

12 lag deltok, og gutane frå Høyang slapp berre inn eitt einaste baklengsmål gjennom heile turneringa. Det var i opningskampen der det vart uavgjort 1-1 mot finalemotstandar Førde 2.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!