Kortvarig glede for Høyang


Høyang gjekk ut i hundre, tok ei tidleg leiing og gav alt for å vinne fotballkampen mot Kaupanger fredag kveld. Men sjølv om heimelaget tok leiinga to gonger, vart gleda kortvarig. Det enda uavgjort 2-2.

I det første minuttet av kampen fekk vi sjå ein sjanse til kvart av laga, og med det var tonen sett for eit svært underhaldande oppgjer på Sletta fredag kveld.

Tidleg skåring

Publikum tok plass på tribunen under Pride-flagget, for høvet heist i samband med SoFjo-Pride som vart markert over heile fylket. Spelet på bana spegla det regnbogefarga flagget, og vi fekk eit fargerikt oppgjer med fart og spenning frå start til slutt.

Berre tre minutt var gått då Michael Hansen Våge fossa framover, og sende av garde eit skot som Kaupanger-målvakta fekk ei hand på. Men ballen sneik seg likevel via stanga og i mål, og Høyang kunne juble for ei pangopning.

Utover i første omgang bølga kampen fram og tilbake, men det var først etter halvspelt omgang det kom verkeleg store sjansar. Dei var det bortelaget som sto for. I ein fem-minutts periode skapte Kaupanger eit vedvarande trykk mot Høyang-målet, og Kristian Raae Johansen la i desse minutta grunnlaget for å bli kåra som dagens Høyang-spelar. To gonger måtte Høyang sin sisteskanse varte opp med redningar som ikkje er kvardagskost i 4. divisjon, og enn så lenge unngjekk Høyang baklengsmål. Men til slutt fann Kaupanger oppskrifta på skåring, og i det 27. minutt kunne Trond Vegard Ripe utlikne for gjestane etter å ha vunne ein duell i feltet etter eit hjørnespark.

Flott førearbeid

Kaupanger heldt trykket oppe nokre minutt etter skåringa si også, men så var det tid for Rømo-show. Jakob Rømo tok ansvar, og tråkla seg forbi Kaupanger-forsvaret før han sende ballen på tvers inn i feltet der Joakim Sjøthun Måren hadde ein svært enkel jobb med å sende ballen i mål. Dermed sto det 2-1 til Høyang, og håpet om heimesiger var atter tent.

Berre fem minutt seinare kom Kaupanger si andre utlikning for kvelden, og dei følgde i prinsippet same oppskrift som ved si første skåring. Rett nok var det ikkje hjørnespark denne gongen, men eit frispark midt på Høyang sin halvdel som var utgangspunktet. Men innlegga vart begge gongane tekne vare på av Kaupanger sine oppofrande angriparar, medan Høyang sine forsvarsspelarar ikkje var tøffe nok i desse duellane. Denne typen baklengsmål bør ein kunne unngå.

Laga gjekk til pause med 2-2, og fleire mål vart det ikkje. Men underhaldning var det i andre omgang også.