Klart for populær juleutstilling


– Kva med eit sitjeunderlag, laga i skinn frå spelsau? Eller kanskje pulsvarmarar av same materialet? føreslår Reidun Haugnes i Høyanger kunstlag.

Oddvar Torsheim sin nye damekalendar, «Ymsedamer», har blitt veldig populær.   Oddvar Torsheim sin nye damekalendar, «Ymsedamer», har blitt veldig populær.

Torsdag 1. desember opnar den årlege juleutstillinga deira, og blant produkta denne gong er forskjellig skinnarbeid, laga av Berit Stormarken frå Gudbrandsalen.

– Vi prøver å ha med litt nytt kvart år, og denne gong har vi blant anna desse flotte produkta i skinn frå spelsau, med blokktrykk. Ho lagar både sitjeunderlag, vognfell, barnevottar og –luer og pulsvarmarar, for å nemne berre noko, seier leiar i Høyanger kunstlag, Reidun Haugnes, til Ytre Sogn.

Juleutstillinga deira har etter kvart blitt ein årleg tradisjon, som både medlemmene og andre etterspør. Den trekk stadig fleire besøkjande, og det håpar Haugnes også skjer i år som dei har med mange, spennande produsentar – og produkt.

Torsheim-damer

I år vert det både trearbeid, måleri, keramikk, plakatar, smykker og bøker å få kjøpt i dei tidlegare butikklokala til Oddvar Hjetland i Storgata i Høyanger. Det blir noko for ein kvar smak – og lommebok.

– Vi må også nemne den nye kalendaren «Ymnsedamer», med ulike dameteikningar av Oddvar Torsheim. Det er dotter hans, Jorunn, som har vore med og fått laga dei, og har på kort tud blitt utruleg populære. Sjølv fortel han at han laga dei, som ein reaksjon på måten damer vert framstilt på. Dei blir nok å finne under mange juletre i år, seier Haugnes om teikningane, som også er å finne i bokform.

Elles har dei også ulike plakatar som Torsheim har laga.

– «Dylan syng», til dømes, er jo høgaktuell, seier ho, med henvising til vinnaren av årets Nobel’s litteraturpris.

Juleutstillinga er open fram til 13. desember.