Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. november 2018
Ytre Sogn 18. november 2018

Lina Haugsbø (f.h.) og Benjamin Wolff er klare for å representere Høyanger vidaregåande skule i fylkesmeisterskapen i yrkesfag.

Klare for fylkesmeisterskap i yrkesfag

Journalist: Espen Bakketun | Publisert: 13. februar 2018

Onsdag denne veka skal Lina Haugsbø og Benjamin Wolff til Sogndal for å konkurrere i Sogn og Fjordanemeisterskapen i yrkesfag. Her skal dei stille i elektrikarfaget og både deltakarane og lærar Johnny Gangeskar er spente på korleis det går.

– Vi gler oss veldig, men er også spente, seier Lina Haugsbø og Benjamin Wolff som begge er 17 år gamle og går elektrikarfag Vg2 på Høyanger vidaregåande skule.
På onsdag skal dei konkurrere i faget mot fire andre skular og dette meiner dei gir motivasjon Konkurransen skal vere eit lagsamarbeid og korleis elevane jobbar saman vil også vere ein del av vurderinga.

– Vi har jo lyst til å vinne. Det hadde vore kjekt å ha det på CV-en, fortel Haugsbø som legg til at dei har gode lærarar og at alt ligg til rette for at det skal gå bra.

Oppgåva dei skal utføre i konkurransen har dei fått informasjon om, og dette har dei jobba med på skulen. Elevane har arbeidd som vanleg med klassekameratane, men har også fått tid til å arbeide mot konkurransen for seg sjølve. Men det er ikkje berre den faktiske oppgåva elevane blir dømt etter.

– Mykje går på dokumentasjon og vi vil også få spørsmål undervegs som blir ein del av vurderinga. Det er mykje teoretisk som tel ganske mykje og ikkje berre det vi gjer praktisk, seier Wolff.

I fjor var første gong Høyanger vidaregåande skule sende elevar til fylkesmeisterskapen og dette enda med ein andreplass for elevane i elektrikarfaget. Denne gode plasseringa har gjort at motivasjonen og trua for å lykkast har gått opp hos elevane som no skal prøve seg.

-Vi går sjølvsagt for å vinne. Det hadde vore veldig kjekt, seier dei begge.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord