Kjell Harry ”Aoki” Joranger fyller 70


I dag, tysdag 30. januar, fyller ein ekte Høyanger-gut 70 år. Aoki, den bortgøymde fargeklatten, skal feire dagen på Sørsida Bygdetun.

– Eg lengtar heim til Høyanger, seier Aoki, og ser litt trist ut når han seier det. Men så legg han til at han har det fint på Søreide og at dei som jobbar på bygdetunet er kjekke, sjølv om dei ikkje har noko dei skulle ha sagt.

– Eg er sjef her! Sjå inn på soverommet, der ligg nestkommanderande. Godt selskap i den katten, seier Aoki, og smiler.

Aoki har i alle år vore ein fargeklatt i Høyanger-samfunnet.

Torfinn ”Fimmen” Fimreite og Kjell Harry ”Aoki” Joranger går langt attande som kameratar, og finn raskt tonen kvar gong Fimmen besøker han på Søreide.

Les meir i Ytre Sogn