Kartla all godstransport


På 48 timar denne veka vart all godstransport på heile Vestlandet registrert i det som truleg var norgeshistorias største godsundersøking. Blant stadene det vart samla inn informasjon var på ferja «Ampere», midt på Sognefjorden.

–Til no har dei fleste sjåførane vert positive til å svara på undersøkinga, fortel byggingeniørstudent Eva Gjerde, som onsdag morgon står på ferja «Ampere» mellom Lavik – Oppedal og intervjuar sjåførane.

Det er nemleg her noko av innhentinga av informasjon skjer, saman med fleire andre plassar på Vestlandet. Og sjølv med noko kald vind midt ute på Sognefjorden, kan Gjerde melde om god stemning blant dei aller fleste sjåførane der ho går frå semitrailerar til lastebilar og spør om alt frå start og stoppestad, lengde og vekt på køyretøyet til motoren sin euroklasse. Målet med denne undersøkinga er å kartleggje alt av gods som blir frakta inn og ut av Vestlandet.

Og på vegne av Statens Vegvesen Region Vest og fylkeskommunane er det Asplan Viak og IRIS som intervjuar sjåførane og skal lage ein hovudrapport, samt delrapportar til dei enkelte fylka i etterkant.

– Undersøkinga går veldig bra og vi har ikkje hatt nokon problem til no, seier Øyvind Sunnfjord, prosjektleiar i Asplan Viak, og legg til at undersøkinga er frivillig, men at dei fleste er positive til å svare.

Les meir i siste Ytre Sogn!