Karen Elise pyntar hus og hage til Halloween


Karen Elise Ramsli har alltid vore glad i Halloween. Det ser ein også på huset til ho og familien på Sæbø i Høyanger.

– Eg har alltid vore glad i Halloween, og tykkjer det er kjekt å pynte ute no i mørketida. Det lyser jo opp. Eg har brukt å gjere det same til jul, men no blir det mest til Halloween, seier Karen Elise til Ytre Sogn.

Det byrja med nokre gresskar første året, og sidan har det – som du ser - «balla på seg», kvart einaste år, fortel ho. Det tek gjerne ei helg å få alt ut.

Og huset har etter kvart blitt ein attraksjon i Høyanger.

– Det er mange som kjem opp gata for å sjå når all pynten har kome ut, både til fots og i bil. Men det er berre kjekt, seier Karen Elise.

På sjølve Halloween er huset - ikkje overraskande - eit av dei mest populære i gata å besøkje for ungar som vil ha «knask eller knep».

– Vi pleier å ha ein heil bossekk med godteposar klare. Ikkje noko er verre enn å ha gått tom undervegs. Eit år gjekk det vel med rundt 200 slike posar, seier Karen Elise

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

Fire skjelett som grillar marshmallows rundt eit bål.