Julestemning på kulturskulen


Med tonar frå julesongar som «Bjelleklang» og «Nå tennes tusen julelys» vart det fin førjulstemning under Høyanger kulturskule sin adventskonsert i Høyanger kyrkje fredag kveld.

– Det er mange flinke elevar som er med i kulturskulen, og fleire kjem og vil vere med. Ekstra kjekt er det at vi no har fått med born som kjem frå Eritrea og Syria som har komme hit til Høyanger, og som er med her for fyrste gong i kveld. Det er utruleg fint, seier Randi Fasmer.

Les meir om konserten i avisa tysdag!