Eit flott og optimistisk korps ser fram til glade maidagar og korpstur til Tyskland.

Jubileumsgåve på forskot til Kyrkjebø skule- og ungdomskorps

Kyrkjebø skule- og ungdomskorps fyller 50 år 7. november i år. Etter at Kyrkjebø Kvinne- og familielag hadde teke opp lån i 1974, fekk dei fortgang i å få i gang eit korps i bygda.


Sjølv om korpset ikkje har markert jubileet enno, så har fleire registrert at dei har ein kommande 50-åring på Kyrkjebø. Dette har resultert i fleire gåver og god oppslutnad om korpset.

Eit kjært barn

For Kyrkjebø Kvinne- og familielag er korpset eit kjært barn som dei var med å starte. Opp gjennom åra har dei gitt støtte på ulike måtar.

– Vi tykte det var på sin plass at også Kyrkjebø skulle ha sitt eige korps, og tok opp eit lån på 10 000 kroner i startkapital. På den tida var det nye bustadfelt i bygda og mange born på skulen, fortel Nora Høyvik, mangeårig leiar i Kyrkjebø Kvinne- og familielag.

I dag har Nora Høyvik og kasserar Sturla Bell Fossen teke med seg ei pengegåve på 15 000 kroner som dei overrekkjer til leiar i korpset, Lidun Ljotebø.

– Har de gitt korpset gåver i andre høve og?

– Ja, vi har som regel gitt dei gåver når dei har hatt runde år. Elles har vi hjelpt til med praktiske oppgåver og hatt dugnad med å sy skjørt til drilltroppen, som var nokså stor ein periode. Korpset betyr mykje for oss og for bygda.

Leiar i Kyrkjebø skule- og ungdomskorps, Lidun Ljotebø, tek smilande imot penge­gåva på 15 000 kroner frå leiar i Kyrkjebø Kvinne- og familielag, Nora Høyvik.

Korpstur

Jubileumsåret til korpset vert toppa med ein tur til Weissenhäuser Strand i Tyskland, der dei skal delta i Østersø Treff, ein populær korpsfestival for skule- og ungdomskorps. Totalt er det 24 musikantar og foreldre som reiser, og pris på turen er heile 331 000 kroner. I reisekomitéen finn vi Anne Lise Ljotebø og Frode Lutentun, som har jobba for å få alt til å gå opp.

– Når skal de reise?

– Vi reiser 22. juni og kjem heim 28. juni, fortel dei.

– Korleis har de fått pengar til ein så dyr tur?

– Vi har hatt ein del pengar på bok og spart over fleire år, skyt dirigent Sonja Aasen Årdal inn.

– I samband med koronaen og tida etter har vi ikkje brukt pengar. Vi har hatt våre konsertar og basarar som har gitt overskot i kassen. Elles har vi søkt om midlar frå ulikt hald.

Sven Bork har sponsa korpset med T-skjorter som promotering av Borks Feriehus, noko som truleg resulterer i ei pengegåve etter turen.

Sjølv om det vert ein eigenandel å betale for dei som reiser, er det likevel ein stor sum korpset må ut med til turen.

– Når det gjeld eigenandel har vi nytta malen som Lavik skulekorps brukar når dei er på tur, fortel dei to i reisekomitéen.

Stor takksemd

Leiar i Kyrkjebø skule- og ungdomskorps, Lidun Ljotebø, føler stor takksemd. 

– Det er ikkje vanskeleg å drive eit korps på Kyrkjebø, kor bygda stiller opp og hjelper til når vi treng det. På konsertar og basarar har vi villige kakebakarar og folk kjem med gåver til utlodding. Vi er rett og slett heldige som har bygda i ryggen.

Og no fekk de ei flott gåve.

– Kva tykkjer du om det?

– Det betyr utruleg mykje å få ei slik gåve frå Kyrkjebø Kvinne- og familielag i dag. Tidlegare i år fekk vi ei pengegåve frå Erling Berge. Vi er utruleg takksame for at både privatpersonar og andre lag tenkjer på oss og gir så rause gåver, smiler Lidun, som spring ut for å samle troppane for å øve på marsjering til 17. mai.