Jørgen (27) fekk draumehuset


– Alle i byen har vel ein draum om å flytte ut på landet, seier Jørgen Herleiksplass Lie (27), og ser utover Høyanger, frå det store panoramavindauget i den nye stova hans.

Huset oppe i Hålandsvegen har storslått utsikt over Høyanger.

Han har no valt å realisere draumen, og i førre månad flytta han inn i det nye huset sitt, øvst i Hålandsvegen.

– Eg har lenge hatt lyst til å finne meg ein stad litt utanfor byen, der eg kunne trekke meg tilbake og jobbe i ro og fred. Difor har eg med jamne mellomrom gått inn på Finnn.no og sett på hus som var til sals, fortel han.

Og i sommar dukka annonsen for det tydeleg funkisinspirerte huset i Høyanger opp.

Men han var ikkje den einaste som viste interesse for det som vart omtala som "bygdefunkis" med behov for omsotg og beundring". Faktisk var det over 50 personar som tok kontakt då May Kristin Fjerme la den særeigne bustaden i Hålandsvegen i Høyanger ut for sal, som ikkje er vanleg på ein plass med litt over 2000 innbyggjarar.

Les meir i fredagsutgåva av Ytre Sogn!

Stova hans er for augeblinken gjort om til atelier.