John Eivind byggjer kyrkje på hjul


John Eivind Warvik i Ortnevik er i gang med å byggje ei kyrkje på ein biltilhengjar. Denne veka skal den – bokstaveleg tala – rulle ut på vegen.

Den han byggjer er ein kopi av Sunnfjord-katedralen, eller Naustdal kyrkje som den heiter.

–Far min var kyrketenar der, og eg har fleire gode minne frå den gongen. Kyrkja på hjul er nesten ein tru kopi i miniatyr, med unntak av heva «grunnmur». Men inngangsdøra lever meir opp til salmen «Gjer døra høg og porten vid». Den er ute av dei originale proporsjonane, slik at ein skal kunne gå inn i kyrkja og nytte den som eit lite kapell, seier John Eivind Warvik, som no altså er busett i Ortnevik på Høyanger sørside.

Kyrkja skal bli ferdig denne veka, og då skal den hengje bak ein bil medan den tråklar seg over fjord og fjell på veg til Trondheim, der det årlege Kyrkjemøtet i Den norske kyrkja vert arrangert. Laurdag 30. mars vil den treffe miniatyrkyrkjer frå andre delar av landet, som Tromsdalen kyrkje, eller Ishavskatdralen, Sem kirke frå Tønsberg, ei stavkyrkje og sjølvsagt Nidarosdomen .

Warvik har imidlertid ei utfordring. Han tek imot gjester på Bønnehuset, der han jobbar, og har ikkje høve til å køyre den til Trondheim sjølv.
–Så om nokon av Ytre Sogn-lesarane vil og kan hjelpe med det, er det berre å kontakte meg på telefon, seier han til Ytre Sogn.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!