Jeanette deler ut refleksar på veg til jobb


Kvar morgon, på veg til jobb, deler Jeanette Walsvik frå Høyanger ut refleksar til born og unge ho møter, som går utan.

Ho er nemleg skremd over kor mange av dei som ikkje brukar det på veg til skule og andre stader no i vintermørket.

- Det som gav meg ein vekkar, var ei hending tidleg ein morgon i desember. Eg var på veg til barnehage og skule for å levere ungane, slik eg gjer kvar morgon før eg skal på jobb på NAV-kontoret i Høyanger sentrum. På veg til Olderdalen barnehage såg eg ein vaksen person med refleks som gjekk på eine sida av vegen. Så eg la bilen over mot andre sida. Det eg ikkje såg var jenta som gjekk på den sida, utan refleks. Det var heller ikkje gatelys som virka på den aktuelle staden, så eg såg ho ikkje før eg var rett ved ho, noko som sette ein støkk både i ho og meg. Så det var like før, fortel Jeanette Walsvik til Ytre Sogn.

- Det viser også kor viktig det er med refleks, seier ho.

Men sjølv om det gjekk bra, slapp ikkje hendinga taket.

-Neste dag tok eg med det eg hadde av refleksar i heimen, som eg delte ut på veg til jobb, seier Walsvik.

Men det viste seg fort at det ikkje var nok.

- Eg henvendte med til ei rekkje lokale bedrifter i Høyanger, som eg tenkte kanskje hadde refleksar som del av promoteringsmaterialet sitt. Og dei var med ein gong positive. Eg fekk beskjed om at det berre var å kome innom og hente refleksar, og til no har eg vore både hos Hydro Høyanger, Sparebanken Sogn og Fjordane, Per A. Øren, Fjord 1 og Høyanger kommune, medan Nyrstar Høyanger og SafeClean har sagt at dei vil skaffe, fortel ho.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!