Jarl Henning har brukt nærmare 70 000 på julehuset sitt


Jarl Henning «Hjallis» Norevik i Høyanger sparer ikkje på noko når han pyntar huset sitt til jul.

-Eg byrja i det små for vel 15 år sidan, med å henge nokre lenker oppunder taket på framsida av huset. Det var det eg hadde råd til då. Sidan har det «balla på» seg, seier Jarl Henning Norevik, eller «Hjallis», til Ytre Sogn.



Han fortel at han alltid har vore glad i jula, og det viser også igjen på huset hans, i sentrum av Høyanger. Han vedgår at nok no ikkje er like ivrig når det gjeld å pynte inne, som han er ute.


- Opp gjennom åra har han nok kome opp i lys for nørmare 70 000 kroner. Så no er det kanskje på tide å stoppe, seier han og ler


For i tillegg til innkjøp av lys, går det jo også ein del straum. Kor mykje det utgjer i kroner og øre har han ikkje rekna på.


- Men vi snakkar om eit konstant forbruk på rundt 1500 watt i dei seks vekene lysa heng oppe.



Julehuset til Jarl Henning Norevik lyser godt opp i Høyanger sentrum.

Og i år har han kjøpt endå meir pynt.



-Om vêret er bra så brukar eg om lag tre dagar på det, men då står eg på frå morgon til kveld. Som offshorearbeidar med fleire veker fri så går det fint. Hadde eg derimot hatt ein sju til tre jobb hadde det nok gått lengre tid, seier Norevik.

Les meir i siste Ytre Sogn!