Internasjonalt på rådhuset


– Det er ikkje sikkert vi hadde fått moglegheiten til å komme til Norge og Høyanger om det ikkje var for dette skuleprosjektet. Så den måtte vi ta, seier Egle Callegaro frå Italia, Marie Tolver Nielsen frå Danmark og Garazi Sendino frå Baskerland.

Elevane på plass i kommunestyresalen for å høyre på ordførar Petter Sortland sin presentasjon av Høyanger. Elevane på plass i kommunestyresalen for å høyre på ordførar Petter Sortland sin presentasjon av Høyanger.

Besøk på rådhuset og møte med ordførar Petter Sortland stod på programmet til elevar og lærarar frå i alt åtte europeiske land på deira første dag i Høyanger. Det heile er ein del av eit treårig skuleprosjekt, «Small towns in Europe – Sharing innovative practices», som også inneber at dei skal besøkje kvarandre.

Denne veka har Høyanger vidaregåande skule vore vertskap for dei i alt 25 elevane og 10 lærarane frå Austerrike, Polen, Tyskland, Danmark, Sverige, Nederland, Baskerland og Italia.

Egle Callegaro frå Italia, Marie Tolver Nielsen frå Danmark og Garazi Sendino frå Baskerland er blant elevane som er med til Norge, og dei er alle spente på opphaldet dei har føre seg. Egle fortel at Høyanger også var plassen ho helst ville til, av alle dei som er med på prosjektet.

– Det er ikkje sikkert at eg hadde fått moglegheit til å besøkje Norge om det ikkje var for dette skuleprosjektet. Så den moglegheita ville eg nytte meg av, seier ho til Ytre Sogn.
Og bortsett frå temperaturen, som er noko lågare enn det ho er vand til, er førsteinntrykket av plassen godt. Det gjeld også dei to andre elevane. Marie trekk fram naturen, med høge fjell, medan Garazi tykkjer at husa i Høyanger er så fine. Egle er like oppteken av skulen.

– Den er jo så ny og fin. Skulen vår heime i Italia er både gamal og slitt, seier ho.

Under opphaldet i Høyanger skal dei bu hos dei norske elevane Julie Vedvik Moen og Irmelin Gangeskar, som også er med på rådhuset.

– Det er også bra med dette prosjektet, at vi blir kjend med kvardagslivet i landet vi besøkjer. Vi er ikkje i lag berre på skulen, men også heime, seier dei tre.
Les meir i papirutgåva fredag!