Innspel til mellombels flytting av elevar frå Vadheim


For det første er det utidig å legge fram eit slikt forslag med så store ringverkandar med så kort tidsfrist at ein har små moglegheiter til å påverke og endre grunnlaget for forslaget. Prognosane for elevtala har ikkje plutseleg dukka opp no i vinter, så her kunne administrasjonen ha vore om seg for lenge sidan. Då kunne ein kanskje fått meir tid til å gjere noko med elevtalet eller utforske andre alternativ. Å bidra til at dei som blir negativt påverka av eit vedtak ikkje får nok tid på seg til å forberede andre alternativ er ikkje verdig kommunen vår. Med meir tid kunne ein for eksempel vurdert å starte ein privatskule, med alternativ læreplan og metodikk. Dette er ei alternativ løysing når kommunar legg ned offentlege skular, men òg eit attraktivt tilbod for mange som ønsker eit alternativ til den offentlege skulen. Men slike skular kjem ikkje over natta. Difor må Vadheim får meir tid til å områ seg og finne gode løysingar for å ha ein skule i bygda.

Midlertidig stenging ved 8 elevar vil, i følge prognosen, vedvare i minst fem år. Kva er sjansen for at mange nok barnefamiliar buset seg i akkurat Vadheim, når det ikkje er ein lokal barneskule der? Og kor går grensa for kva elevtal som er høgt nok til å opne skulen igjen? Er det 14, som i dag? Eller 9, éin meir enn til hausten? Eller skal vi høgare opp? «Midlertidig» framstår meir som permanent. Dette må ein vere tydeleg på.

I høyringsframlegget er det mest fokus på kvifor ein må stenge Vadheim skule midlertidig. Men vi kan også snakke fram fordelane med ein liten skule. Det vil vere større moglegheiter for å legge til rette for kvar elev, og dei yngste får noko å strekke seg etter ved å samarbeide og vere saman med eldre elevar. Det gir alle elevane sjansen til å danne venskap på tvers av alder og andre skiljeliner, og kanskje er det lettare å ta i vare barndomen og leiken. Ein må sjølvsagt sikre at dei eldste elevane får faglege utfordringar, og helst at dei får møte jamgamle elevar frå andre skular i kommunen. Kanskje vil det vere lettare å tenke alternative metodar på ein skule med få elevar? Kan ein jobbe meir med prosjekt, og samarbeide i grupper på tvers av skular? Ein kan bruke videomøter og nokre fysiske møter og kanskje samarbeide i digitale dokument, slik som i arbeidslivet i dag. Korleis ein kan gjere noko bra ut av det å vere få elevar må få meir fokus. I tillegg må det vere fokus på lokalsamfunnet som elevane veks opp i, og kva det vil bety for elevane å pendle til ei anna bygd og så komme heim til ein tettstad dei ikkje er like knytt til lenger. Så lenge ein berre tenker «korleis skal vi på best mogleg måte legge ned skulen» så kjem ein ikkje fram til dei gode svara som vil kunne gje borna i Vadheim ein god oppvekst på ein liten skule.

Å flytte grenser for skulekrinsar vil kanskje avhjelpe Vadheim litt, men det store problemet er jo for lite born generelt i kommunen. Vi bør ikkje ete av kvarandre. Mitt forslag er at ein ikkje tek ei forhasta avgjersle om stenging no før sommaren, men heller brukar meir tid på å jobbe fram andre alternativ som kan vere aktuelle for å auke elevtalet. Dersom det er rom for det, burde ein vurdert om det offentlege kan ha ein anna skuleprofil enn dagens ordning. Kan ein velgje eit alternativ med ei overordna ramme innan f.eks. «natur», «skaparkraft», «internasjonal» eller «estetiske fag»? Kan ein gje i lærarar i kommunen som ønsker det vidareutdanning innan f.eks.. Steinerskule- eller Montessori-skule-pedagogikk (eller andre tematiske retningar) og såleis skape noko annleis og attraktivt i Vadheim? Dette er tiltak som ikkje vil visast att før om tidlegast nokre år. Men det same gjeld moglege arbeidsplassar i tettstaden og kommunen, og det same gjeld flytteprosessar for dei som vil vurdere å flytte til Vadheim.

Eg ber om at kommunestyret lyttar ekstra til innspela frå foreldre, born og innbyggjarar i Vadheim, og tek særleg omsyn til dei som vil verte direkte berørt av forslaget om midlertidig stenging. Eg meiner at kommunestyret bør tenke langsiktig og halde fokus på korleis vi kan legge til rette for vekst, i staden for å legge til rette for befolkningsnedgang og nedlegging, som alt for ofte står i fokus. Lat skulen i Vadheim få nokre fleire år på seg til å vise til vekst, og samarbeid med innbyggjarar, lærarar og andre relevante aktørar for å skape det elevgrunnlaget skulen treng.

Linn Elisabeth Dregelid
Kyrkjebø

Dette innlegget er opphaveleg eit høyringssvar til Høyanger kommune i saka om midlertidig stenging av Vadheim Oppvekstsenter.