Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. september 2019
Ytre Sogn 20. september 2019

Som konstituert kulturredaktør i NRK vil Ingerid Nordstrand (45) frå Høyanger vere sjef for om lag 170 tilsette, og ha ansvar for program som blant anna «Salongen» og «Brenner og bøkene». (Foto: Robert Rønning)

Ingerid (45) er ny kulturredaktør i NRK

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 21. mars 2019

– I jobben som kulturredaktør må ein ha eit anna overblikk og ein har eit meir overordna ansvar for å leie dei viktige prosessane. Så det blir spennande! seier Ingerid Nordstrand til Ytre Sogn.

Med rundt 20 års arbeidserfaring i ulike stillingar i NRK tek Ingerid Nordstrand, som opphaveleg kjem frå Høyanger, steget frå redaksjonssjef i kulturavdelinga til konstituert kulturredaktør, ei stilling der ho er sjef for om lag 170 tilsette og vil ha ansvar for program som blant anna «Salongen» og «Brenner og bøkene».
– Dei siste fire åra har eg jobba som redaksjonssjef for TV i kulturavdelinga, der eg har hatt ansvar for TV-produksjonen. I jobben som konstituert kulturredaktør, som eg kjem til å ha fram til sommaren, vil eg ha ansvar for radio, TV, nett og Kringkastingsorkesteret.

Les meir i Ytre Sogn fredag!

 

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord