I gang med å lage den nye Gunnar S-utstillinga


– Dette biletet er ei lita perle! seier Jan Kokkin og held opp det førebels siste tilskotet i samlinga av Gunnar S. Gundersen-bilete.

Som kurator for det nye galleriet i Høyanger høyrer det nemleg også til oppgåvene til Jan Kokkin å byggje ut samlinga av bilete laga av kunstnaren. Og biletet, med tittelen «Rød komposisjon», blir truleg også å sjå i den faste utstillinga av bileta til Gunnar S. Gundersen, som skal vere klar til opninga om knappe to veker. Denne veka var han i Høyanger for å lage den til.

Kokkin fortel at han nyleg fann biletet hos Blomqvist Kunsthandel i Oslo.

- Biletet hang i si tid i Planetveien 12 på Vettakollen i Oslo, i huset til den kjende, norske arkitekten Arne Korsmo og kona hans, designer Grete Prytz Kittelsen. Han samarbeidde mykje med Gunnar S Gundersen, og engasjerte han også som lærar på NTNU, der han sjølv underviste. Og då han skulle byggje huset i Planetveien 12 tok Gundersen seg av dekor og fargesetting av rom. Og der han også dette biletet, seier Kokkin, og held opp biletet med det abstrakte motivet, som altså har fått tittelen «Rød komposisjon», og vart laga i 1954.

Men etter at Grete Prytz Kittelsen døydde, valde etterkommarane hennar altså å selje det. Kokkin kallar det «ei lita perle».

- Det viser breidda i arbeidet hans, seier han.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!