Hyllestad-ordføraren vil ha større lokal påverknad


Hyllestad-ordførar Morten Askvik (Sp) tykkjer det er eit viktig moment at dei blir høyrde og får større påverknad lokalt når det gjeld utbygging av vindkraft.

 

– Men slik det er per i dag er det ifølgje lovverket Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som sit med avgjerande  mynde og korleis dette blir lagt opp til i beslutningsprosessen. Eg meiner at NVE har for stor mogelegheit til å overprøve dei lokale – jamfør det som skjer i Gulen – og eg er litt forundra over at ein legg så liten vekt på innspela som kom frå fagmiljøet i kommunen, seier Hyllestad ordførar Morten Askvik (Sp) til Ytre Sogn.
Han viser til at det har vore ei såkalla fagleg høyring med innspel til nasjonal plan, der innspelet frå administrasjonen var at det ikkje ligg til rette for vindkraft i Hyllestad, som ikkje er sams med forslaget frå NVE.

Meir om saka i Ytre Sogn fredag!