Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. november 2018
Ytre Sogn 19. november 2018

F.v. Johnny Manseth, HR Business Partner, Beate Ueland, representant for tillitsvalde,Terje Norevik, leiar for AMBS og Stian Tangen, fabrikksjef Hydro Høyanger. (Foto: Helge Heyerdahl)

Hydro Høyanger vart Årets Lean-verksemd

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 6. november 2018

– Eg er utruleg stolt og rørt på vegne av organisasjonen. Innovasjonar frå golvet har gjort dette mogleg, seier ein glad fabrikksjef Stian Tangen etter å ha teke imot prisen på vegne av Hydro Høyanger.

Hydro Høyanger vann den prestisjetunge Lean-prisen på bakgrunn av strukturert forbetringsarbeid for å skape konkurransekraft og gjennom svært aktiv involvering av tilsette og tillitsvalde.

– Dette er NM i Lean og ein av de gjevaste prisane eit norsk verk kan vinne. Denne prisen heng svært høgt for oss fordi det er innovasjonar frå gulvet som har vore sjølve livsnerven i forbetringsarbeidet. Menneska er vår største forbetringsmuskel, seier ein stolt Stian Tangen.

Prisen vart delt ut av Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen på vegne av Lean Forum Norge tysdag kveld, og vart kåra i løpet av konferansen basert på stemmer frå konferansedeltakarane og fagjuryen sine vurderingar.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord