Hydro Høyanger gir 400 000 kr til lokale føremål


Hydro Høyanger donerer 400 000 kroner til idretts- og kulturføremål i lokalsamfunnet.

Midlane skal kome frivillige organisasjoner som har erfart svikt i inntekter og aktivitet som følgje av Covid-19-pandemien.


- Vi ønskjer med dette å bidra til å få hjulene i gang igjen i lokalsamfunnet, seier fabrikksjef Arne Martin Kjærland (biletet) i ei pressemelding.


- Pandemien har stoppa mykje av dugnadsarbeidet som for eksempel lokale idrettslag er avhengig av. Donasjonen frå oss kan sjåast på som dugnad for tapt dugnad, slik at desse viktige aktivitetane kan oppretthaldast, seier han.

Hjula i gang


Donasjonen er øremerka veldedige føremål, og skal gå direkte til dei som treng hjelp innanfor idrett og kultur i lokalsamfunnet.


- Det er gledeleg å kunne bidra til at lokale frivillige organisasjonar får hjula i gang igjen etter ein krevjande periode med nærmast null inntektsgjevande aktivitet, seier tillitsvalt ved Hydro Høyanger Lars Kjetil Skeie.


- I dialog med kommunen har vi sett saman ei arbeidsgruppe - inkludert representant frå ungdomen - som skal identifisere mottakarar av donasjonen. Målet er at den skal fordelast på fleire frivillige organisasjonar, og at midlane raskt kjem i sirkulasjon, sier Kjærland.

Overrekkinga av donasjonen vil skje onsdag 20. mai.