Hydro har kjøpt gamleposten


Hydro har kjøpt det gamle postbygget i Storgata 3 i Høyanger.

Ifølgje fabrikksjef Stian Tangen hos Hydro i Høyanger har dei ingen konkrete planar for eigedomen per no.

– Men vi har nytta moglegheiten til å kjøpe denne eigedomen, som ligg tett inntil vårt eksisterande verksområde, seier han til Ytre Sogn.

Fabrkksjefen peikar på at arealet innanfor verksområdet, i nærleiken av den kjøpte eigendomen, per i dag er trangt, noko som gjer interntrafikken hos dei utfordrande.

- Ved kjøpet av eigedomen ser vi føre oss at vi på sikt kan gjere noko med dette, og med det betre sikkerheiten mellom køyretøy og fotgjengarar, seier Tangen.

Hydro kjøpte eigedommen hos Frank Ytredal for 947.000 kroner, går det fram av Statens kartverk sin oversikt over eigedomshandel som vart gjort i Høyanger kommune i august i år.

Frå 1920-talet

Bygget frå seint på 1920-talet vart, som namnet tilseier, brukt som postkontor i Høyanger. På folkemunne hard et berre gått under postgården eller gamleposten. Men etter at den vart flytta til nytt bygg på andre sida av Daleelva, i Elvegata 22, har bygget i Storgata blant anna vore leigd ut til forretningsdrift, samt vore brukt til bustadføremål.