Hydro-direktør: - Dramatisk for metallverka våre


– Dette er ei tung ekstrabyrde for Hydro og norsk aluminiumindustri, seier Ola Sæter, direktør for Hydro sine metallverk, om Statnett sine endringar i nettariffen.

Den nye modellen vart vedteke av styret i Statnett torsdag, og ifølgje Sæter vil dei norske metallverk få årlege ekstrakostnader på 250 millioner kroner frå 2022, samanlikna med modellen som lå til grunn i årene 2015-18.


I ei pressemelding frå Hydro kallar han det eit paradoks at store EU-land som Tyskland og Frankrike sikrar industrien sin rammevilkår som gjer det mogleg å konkurrere betre globalt.



- Vi i Norge gjer det motsette og svekker konkurranseevnen vår, seier Sæter.



Verka i Sunndal, Årdal, Høyanger, Husnes og Karmøy har over 2 000 tilsette, med betydelege ringverknader i kommunane dei produserer aluminium.



Skaper uvisse

– Dette er dramatisk for verka våre langs kysten og skaper ei betydeleg uvisse for lokalsamfunna som vert råka. Auken vil svekke konkurranseevnen til norsk fornybar aluminiumsproduksjon, som konkurrerer i den globale marknaden og representerer ei betydeleg verdiskaping for Norge og i lokalsamfunna våre, seier Sæter.




Dei store ekstrakostnadene som aluminiumindustrien no får frå Statnett sin auke i nettariffen vil gjere det vanskelegare å forsvare vidare investeringar i norsk aluminiumsindustri.

– Vi har investert milliardar dei siste åra for å utvikle dei norske metallverk våre. Dette har vore basert på ei framtidstro for norsk aluminium som eit viktig bidrag til det grøne skiftet og ei forventning om at dei rammevilkåra som har gjort det mogleg ville videreførast, seier Sæter i pressemeldinga.