Høyanger vil få eit «nytt» bibliotek


Eiga faglitteraturavdeling som held ope frå 7 til 23 er blant dei nye tilboda når Høyanger bibliotek opnar igjen til våren.

- Biblioteket i Høyanger vil kunne brukast på ein heilt annan måte, er Hege Ølmheim og Anita Nordheim einige om.



Den pågåande rehabiliteringa av Høyanger samfunnshus opnar nemleg også for å gjere ein del endringar ved det som er hovudbiblioteket i kommunen, ikkje minst når det gjeld romløysingar. I løpet av dei 30 åra det har vore i bruk er det gjort få bygningsmessige endringar.



- Det at biblioteket no måtte ut av samfunnshus i ein lenger periode, gav oss også moglegheiter til å tenkje litt nytt. Den utfordringa sende eg vidare til dei tilsette ved biblioteket, og dei responderte umiddelbart. Med stor iver har dei kome med sine forslag til korleis dei ønskjer på ha det på arbeidsplassen sin. Det har blant anna gått på korleis ein kan utnytte plassen på ein heilt annan måte enn før. For det er ikkje til å leggje skjul på at spesielt nede i 1.etasje, har det vore ganske trongt, seier Anita Nordheim, kommunalsjef for kultur og folkehelse i Høyanger, til Ytre Sogn.



Det som opnar for at ein kan gjere dette, er at det no kjem heis i samfunnshuset. Det har ikkje vore tidlegare, noko som har avgrensa bruken av det.

Og medan sjølve biblioteket no skal vere oppe i 2.etasje, kjem ei ny faglitteraturavdeling som er ope frå klokka 7 om morgonen til klokka 23 om kvelden nede i 1.etasje, der utlånsdisk og aviskroka har vore til no.



- Her blir det blant anna fleire arbeidsstasjoner, plassert lengst framme, med utsikt over torget. I same etasje kjem også ei ny lokalhistorisk avdeling, seier Ølmheim.

Utval for kultur og folkehelse vart orientert om planane i møte sist veke.

Les meir i siste Ytre Sogn!