Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. november 2018
Ytre Sogn 19. november 2018

To nøgde vinnarar; Olav Nordgulen (f.v.), leiar drift og vedlikehald, Høyanger kommune driftsoperatør og Arne Kjos, overingeniør, Årdal Kommune. (Begge foto: Kjell M. Jacobsen/Kommunalteknikk)

Høyanger har fylkets beste drikkevatn

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 17. oktober 2018

Høyanger vassverk vann klassen for overflatekjelder då Sogn og Fjordane sitt beste drikkevatn vart kåra på Vass- og avløpskonferansen i Loen onsdag denne veka. Øvre Årdal vassverk vann klassen for grunnvasskjelder.

Dei to vassverka blir med det Sogn og Fjordane sine kandidatar når Norges beste drikkevatn skal krast på Miljø- og teknikkmedda på Norges Varemesser på Lillestrøm i mars neste år.

Leir for drift og vedlikehald, Olav Nordgulen, tok i mot prisen på vegne av Høyanger kommune, som har i alt seks vassverk. Og det var altså Høyanger vassverk som vann.

– Vi vann klassen for overflatekjelder, det vil seie vassverk som får vatn frå elv eller innsjø. Det er også største klassen, med rundt ti vassverk frå heile fylket. Så klart det er gjevt å gå heilt til topps i den, seier han til Ytre Sogn.

Les meir i Ytre Sogn fredag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord